Fasadepanel med fokus på individuell utforming og design

Petal AS - einaste norske produsent av fasadepanel
I nært samarbeid med arkitektar og entreprenørar utviklar vi fasadepanel med fokus på individuell utforming og design. Ved bruk av vår unike backing-løysing sørgjer vi for vedlikehaldsfrie fasadeløysingar som held seg godt over tid. Sortimentet gir mange valalternativ, ståande eller liggande kledning, synleg eller skjult innfesting, eit stort utval i fargar og overflater og spesialløysingar.
Fasadeprosjekt
Kvifor velje aluminium fasade?
Det sølvgrå materialet er mykje brukt innan byggeindustrien sidan det er lett å foredle til det ein måtte ynskje. Ein har stor valfriheit i korleis aluminiumet bearbeidast og kombinert med utvalet av fargar, overflatebehandling, dimensjonar, kan me skape bygg med varig fasade. Aluminium er lett material som ikkje korroderar under normale forhold og tek ikkje skade av vatn og passar difor bra til fasade. Aluminium er ikkje brennbart og kan brukas i bygg i alle brannklassar.
Materialet har høg styrke i forhold til vekta, og gir konstruksjonar som er både sterke og lette.
Det er også eit material som kan gjennvinnast i det uendelege og fortsatt beheld like gode material eigenskapar, og gjenvinninga brukar berre 5% av energien som det den første framstillinga tok. Petal fasade system av lekter, panel med backing kan resirkulerast i sin heilheit utan videre demontering. Å velje aluminium er også eit val om å støtte eit berekraftig materiale. Me har EPD på vårt fasadesystem slik at me kan dokumentere miljøeigenskapen. Aluminiumsfasadar frå Petal varer heile byggets levetid, og kan enkelt reinhaldast.