Backing - vår unike løysing!
Petal produserer beslag og profilar heilt etter dine mål!
Det er allment kjent at plan overflate er vanskeleg på store panel av metall. Vêr, vind, klima og temperaturendringer er ofte årsaken til at panela flimrar. Dette er ikkje eit problem når det gjeld våre produkt.
Vi engasjerte SINTEF for å utvikle ein teknologi som gjer det mogleg for oss å levere plane, flimmerfrie fasadepanel. Resultatet har sørga for at vi reknast som ein leverandør av høg kvalitet, og beviset finns på nye og gamle bygg over heile Europa.
Denne teknologien er unik for Petal AS, og er vidareutvikla og perfeksjonert av oss gjennom 40 år.
"Backing" - for flimmerfrie metallfasader
Teknologien går ut på at vi limer ei tynn korrugert plate på baksida av panelet. Dette blir gjort i vår eigen produksjon der den avstivande bakplata, som vi kallar “backing“, blir spesialtilpassa til kvar enkelt panelstorleik.
Teknologien gir oss moglegheit til å levere tynnare materiale på panela, samstundes som vi behold ei plan, flimmerfri overflate. Det at vi kan gå ned på tjukkelsen på materialet er og med på å halde vekta på panelet låg. Teknologien kan brukast på ulike metalltypar.
Vi er stolte av å kunne levere panel av tynne plater med plan, flimmerfri overflate utan å svekke verken stabilitet eller styrke. Tilbakemeldinger frå arkitekter er at den plane overflata på panela våre er svært godt egna i kombinasjon med eksempelvis glassfasader.
Fasadepanela blir produsert i Vik, ved ein av dei mest moderne fabrikkane i Europa.